Dette er mi vurdering og bokomtale av boka "Kaninbyen" skrivi av Arild Rein.
Boka Kaninbyen er skrivi av Arild Rein. Kaninbyen er siste del av Stavangertrilogien til Arild Rein. Boka skildrar sivilisasjonen i Stavanger by, med eit hardt, fysisk og munnleg språk. Folk i Stavanger valde sjølv denne boka som ein del av biblioteket og kulturhuset sølvberget og Stavanger 2008 sitt prosjekt ”Heile byen les”.
Sjølve trilogien i boka handlar om at Arild Rein prøver å dykke under og finne underverda/underplanane, slik som prostitusjon og kriminalitet i olje-byen Stavanger. Kaninbyen er ein sosialrealistisk og hardkokt kriminalroman. Trilogien gir eit portrett av Stavanger frå 1970-åra og fram til 2004. Handlinga i boka blir uttrykt gjennom hovudpersonen i boka som er ein eg-person. Eg-personen er den tidlegare politimannen Jonny Roxmann. Jonny er ein arbeidsledig mann og bur i kolonihagehytta han arva av far sin. Han likar heilt klart ikkje Stavanger og meiner det er ein kaninby full av overflatiske menneske som berre bryr seg om pengar, seg sjølv og sitt. Han har tidlegare vore politi og har endra seg radikalt frå jobben. Han steler og lyg, og bryr seg i alle fall ikkje om reglar. Jonny er ein rasistisk, kritisk og kynisk mann. Det med at han er kynisk kommer av at han er ein skamlaus og krass mann. Dette blir vist gjennom heile boka, kvar forfattaren uttrykkjer språket med mykje banning og krasse ord. Det å bruke masse banneord som eit verkemiddel i ein roman blir lagt godt merke til. Banninga viser ganske mykje om personligdomen til hovudpersonen, Jonny. Det viser til at han har eit dårleg ordforråd og han verker mykje meir sinna og irretert. Det han seier blir veldig hardt uttrykkja.
Bodskapen i boka vil eg seie er at vi skal få eit innblikk av kor bortskjemt folka i Stavanger er. Stavanger er kjent for å vere ein olje by. Det er dette eg trur forfattaren vil får fram, kor bortskjemt og overlegne folk kan bli når dei får for mykje pengar. Mi meining er at forfattaren har eit poeng i det han skriv, men at ikkje alle er slik forfattaren får fram gjennom Jonny. Dei fleste er mykje meir positive til Stavanger by en det Jonny er. Boka heiter som sagt Kaninbyen og kommer av at han ser på byen som ein kaninby, kor alle menneska er ville kaninar. Innbyggjarane er simple og oppførar seg som dyr.
Mi vurdering av denne boka er at små barn ikkje burde lesa denne boka. Boka gir ein negativ innflytelse på mange mulege måtar. Den innehalde alt for mykje dårleg språk, slik som banning og set dårlege eksemplar på korleis små barn bør uttrykkje seg om ting dei mislikar. Slikt språk påverkar lesarane, og er aldeles dårlege eksempel for dei unge.
Banneord kan vise til forskjellig ting. For det første viser det til eit dårleg ordforråd og ein simpel måte å kommunisera på. Banneord i ein tekst kan også vere eit godt verkemiddel i ein tekst. Ordet faen er eit banneord som blir mykje gjentatt i teksten. Det gir ein slags kraft i setninga, kvar forfattaren vil leggje trykk på setningane.
”Dei fir faen. Dei er for opptatt av seg sjølv og sine eigne liv: Kor tid den neste solariumstimen er. Kor tid dei kan knulla med eksane sine igjen. Om dei ikkje snart har råd til å stramma opp ansiktsmaska si, eller bli feittsogne, eller kva faen det no er”. (Rein 2004, s. 76). Dette er eit utdrag tatt ut i frå boka. Her beskriv han foreldra til ungane i olje-byen. Hadde forfattaren brukt litt mindre banneord, hadde dei gitt meir meining og betre meining når dei for det første hadde blitt brukt.
Boka hadde også ei utruleg kjedeleg handling. Handlinga fekk meg ikkje til å ville lesa særleg mykje vidare. Noko av det betre med boka er miljøskildringa. Forfattaren klarer å skildre Stavanger by på ein måte som kanskje ikkje alle har tenkt på før. Han får fram bodskapen sin gjennom heile boka. Skildringa kan kanskje bli litt i det grovaste laget, og blir dermed for useriøs for meg som lesar. Det skjer ikkje så mykje gjennom boka, og eg finn ikkje den raude tråden som eg meiner kvar bok sla ha for at boka slal bli god.

Kjelder:
Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Samlaget. Oslo
Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Samlaget. Oslo

Veldig bra bokmelding! Du skriver på en bra måte, og jeg er helt enig i alt du skriver.
SvarSlett